
“Eg diggar dykk, og måten de jobbar på. De får alt til å virke så enkelt!
– Nøgd workshopdeltakar
Vi tilbyr dei tenestene bedrifta di treng
Nyetablerar?
Gjennom å levere førstelinjetenste for Stryn Kommune får næringshagen hjelpe nyetablerarar som treng rådgjeving. Er du nytilflytta gründer, går med ein idé som kan berike bygda eller har du tankar om å starte opp ei eiga bedrift? Då kan du få rådgjeving hos Stryn Næringshage, sponsa av Stryn Kommune. Rådgjevinga begrenser seg til eit visst antal timar per. person.

Går du med ein idé som kan tilføre noko positivt til Stryn og Nordfjord; eller treng du litt ekstra vind i segla til bedrifta di?
Då kan det være at vi er den du bør kontakte.
Vår viktigaste oppgåve er nemleg å ha kontakt med næringslivet i Stryn, og være kompetente samtalepartnarar sånn at vi kan avdekke behov hos dei som oppsøker oss. Slik legg vi til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling både lokalt i Stryn og i Nordfjord.
Vi kan hjelpe deg med blant anna :
Bedriftsrådgjeving
Søking på midlar
Organisasjonsutvikling
Merkevarekommunikasjon
Workshoper
Digitale flater
Kven kan nytte våre tenester?
Eksisterande bedrifter
Nyetablerte bedrifter
Personar med ein idé
Personar som ser eit potensiale i noko som kan berike næringslivet
Vi kan gje deg råd og veiledning rundt di bedrift, eller din idé. Vi kan deretter sende deg vidare til dei vi meiner er din beste samarbeidspartner, eller vi kan ta deg opp som målbedrift. Dei som blir målbedrifter hos næringshagen får visse fordelar gjennom at vi inngår ei avtale saman, som sikrar at både du og vi vil ha ein prosess og framgang som tek oss til målet. Det er gratis å bli målbedrift, det einaste vi krevjer av deg er innsats og stå på-vilje. Målbedrifter får også tilgang til nettverksaktivitetar og kan ofte nytte tenester næringshagen har til rabatterte prisar
TEKST FOR NETT
Korleis skriv ein tekst som er tilpassa lesevanar folk har på nett? Dette er eit skrivekurs som gjer deg konkrete tips du kan ta med heim for å lage gode digitale tekstar.
Kurset er på 3,5 timar.
Målbedrifter får rabatt.
Er du på jakt etter eit spesifikt kurs, kan du ta kontakt med Næringshagen.
Det aller meste kan tilpassast di bedrift sitt behov, så ikkje nøl med å ta kontakt.
TA EIN WORKSHOP ELLER EIT KURS HOS OSS
DIGITAL INNHOLDSSTRATEGI
Har du tenkt på at alt innhold du publiserar skal brukast til å oppnå bedriftas mål og imøtekomme målgruppa sine behov?
Dette kurset er ein guide til korleis vi skal produsere innhold, ta viktige avgjerdsler og holde samme kvalitet på all kommunikasjon bedrifta leverer.
Kurset tek frå 4 timar til ein heil dag.
Målbedrifter får rabatt.
MERKEVARESTRATEGI
Kva skal bedrifta di vere kjend for, og kva vil de at kundane skal seie om dykk?
Dette er ein workshop for deg som ønskjer å ta kontroll over merkevara til bedrifta di, internt og eksternt.
Workshopen tek 3 timar.
Målbedrifter får rabatt.
Pakken inneheld skreddersydd workshop (der du kan ha med alt frå 2–30 personar), og ein ferdig merkevarestrategi bedrifta får i etterkant (som skal vere såpass inspirerande og enkel i bruk at den ikkje puttast i ei skuff!)
KOMMUNIKASJONSSTRATEGI
Ein kommunikasjonsstrategi byggjer vidare på merkevarestrategien, og fortel korleis ein bør kommunisere for å etablere den merkevara ein ønskjer. Eit supert grunnlag å ha, om bedrifta ønskjer eit nytt visuelt uttrykk eller ny profil.
Workshopen tek 3 timar.
Målbedrifter får rabatt.
Pakken inneheld skreddersydd workshop (der du kan ha med alt frå 10–30 personar), og ein ferdig kommunikasjonsstrategi bedrifta får (som skal vere såpass inspirerande at den ikkje puttast i ei skuff!).
MARKNADSFØRINGSSTRATEGI
Ein marknadsføringsstrategi er ein plan med taktiske framstøt bedrifta di skal gjere for å kome seg dit dei ønskjer i forbrukeren sitt hode. Ein slik strategi kan innehalde alt frå konkrete reklameidéar til kanalvalg og kvar og når ein bør vere synlege.
Workshopen tek 3 timar.
Målbedrifter får rabatt.
Pakken inneheld skreddersydd workshop (der du kan ha med alt frå 2–30 personar), og ein ferdig marknadsføringsstrategi bedrifta får (som skal vere såpass inspirerande og enkel at den ikkje puttast i ei skuff!).
FINN DITT KVIFOR
– KUNDANE KJØPER IKKJE KVA DU GJER,
MEN KVIFOR DU GJER DET.
–Simon Sinek
Simon Sinek vart kjent med den berømte TED-talken “Find your Why”, og har holdt kurs innan bedriftsutvikling sidan den gongen. “Finn ditt kvifor” er den nynorske versjonen, og bygger på same metodikk som Sinek sin.
Dette kan sjåast på som ein ekstremt nyttig versjon av teambuilding som vil peike ut vegen vidare for deg
og bedrifta di.
Workshopen er på 4–7 timar.
Målbedrifter får rabatt.

Vekst i lag – eit utvida nettverk som er til for å nyttast
Vekst i lag er eit partnarskap beståande av Stryn Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage og Inviro.
Gjennom Vekst i lag samlar vi all vår kompetanse på ein plass; sånn at du kan velge blant endå fleire tenester, og få ekstra god hjelp med å skaffe kapitalen du treng for å nå dine mål.
Snakk med oss om Vekst i lag, så ser vi på moglegheitene saman.