Årets Nyskaper skal styrke Stryn sitt omdømme som ein arena for industri – og næringsutvikling med innovasjon, entreprenørskap og berekraft i fokus.

Årets nominerte

  • Innvik Fruktlager

    Innvik Fruktlager SA er ein medlemseigd samvirkeorganisasjon, med 65 medlemmar, som har som hovedoppgave å motta og omsette frukt, bær og grønt frå våre produsentar. Innvik Fruktlager har røtter så langt tilbake som i 1949, men har eksistert i dagens form frå 1998.

    Produksjonen kjem frå Stryn, Gloppen og Eid, men og noko frå Valldal i Møre og Romsdal. Innvik fruktlager støttar oppunder kortreist og berekraftig matproduksjon.

    Innvik Fruktlager har satsa stort med nybygd lager og kjøling, sortering og pakkelinje med ei totalinvestering på 25 mnok.

    Dagleg leiar er Anita Roset

    Foto: Gøril Sætre.

  • Sandeåsen feriesenter

    Sandeåsen Feriesenter blei nyrenovert i 2022, og tilbyr overnatting på campingplass og i hytter. Dei har satsa på bubilplassar, renovert hytter og bygd eit fantastisk samlingspunkt i det nye resepsjons/café-bygget. I tilknytning til campingplassen er det også lagt ut hyttetomter for sal.

    Dei har verkeleg satsa med ei fornying og utbygging for eit tosifra antal millionar.

    Det er 3 generasjoner som bur fast på gården, som har gjennomført eit generasjonsskifte der nest yngstemann i familien har tatt over drifta, saman med sin familie.

  • Nordfjordkompaniet

    Nordfjordkompaniet er ein paraplyorganisasjon som jobbar for å gjere Nordfjord suprare ved å følgje ungdomane våre frå barnehage til tidleg jobbkarriere. Dei samarbeider tett med private bedrifter, kommunar, skuleverket, organisasjonar, fylkeskommune, stat og ikkje minst foreldre, for å skape ei heilskapleg støtte gjennom ungdomane si utvikling.

    Gjennom konsept som Jakta på Superkreftene, Superlærling, Superjobb, Superfritid og Heia Nordfjord forsøker dei å bygge bru mellom arbeidsgjeverar og arbeidstakarar, og sørge for trivsel både i og utanfor jobb.

    Daglig leiar er Tom Øyvind Solheim og Tonje Bjerkan.