SMIL DU ER I STRYN

“Smil du er i Stryn” -bevegelsen vart fødd på tampen av ein pandemi – der to som budde i Oslo flytta heim til fagre Stryn og såg på bygda si med nye briller. Tanken bygger på dei senka skuldrane eit sterkt og lite lokalsamfunn kan gje oss, og at dette betyr alt i ein travel kvardag. At vi bur på det som kanskje er verdas finaste plass, må vi ikkje gløyme.

Difor får alle som held foredrag på INNOM, ei “smil du er i Stryn”-t-skjorte.

Vi har fått mange førespurnader om t-skjortene, og vi er audmjuke over at folk vil vere med oss på å spre bodskapet.

Har du ein idé om kvar desse t-skjortene burde delast ut? Send ein e-post til Jenny på jenny@stryn-nh.no, så snakkast vi!