Samarbeid med oss

IMG_8546.JPG

Ei vinn-vinn-avtale tufta på godt samarbeid

Gjennom ei fleksibel målbedriftsavtale får bedrifta rabatt på ei rekke tenester gjennom næringshagen og tilgang til nettverksaktivitetar.  Ein av dei store fordelane med å bli målbedrift tilknytta ein næringshage er at du då kvalifiserer til støtte frå det statlege foretaket SIVA. Tenestene du kjøper av næringshagen delfinansierast då av dei, og du betaler kun ein eigenandel.

Korleis blir eg målbedrift hjå Stryn Næringshage? 

For å bli målbedrift hos Stryn Næringshage må du inngå ei skriftleg målbedriftsavtale med oss. Den kan inneholde detaljert informasjon om tenestar og timeantal, eller den kan være meir generell og til dømes innehalde eit estimat på timar ein ser føre seg å kjøpe frå Næringshagen.

Vi har i dag over 60 målbedrifter.