Covid19

Nordfjordrådet har gått i bresjen for å sette saman eit beredskapsteam som koordinerar innsats i kvar av kommunane, og lokalt har kommunane saman med næringsorganisasjonane etablert eigne beredskapsteam som skal bistå alle bedrifter som treng hjelp med å kome seg gjennom krisa. Vi vil informere breitt om kva hjelp vi kan yte mellom anna ved å legge ut informasjon her og dele denne gjennom både e-post, direkte kontakt pr telefon, sosiale medier, mv.

Vi samla tidleg saman nyttig informasjon til korleis handtere krisa i denne linken. Dette utviklar seg stadig og det er no gode oversikter å få hjå dei fleste advokatfirmaer, rekneskap- og revisjonsbyrå og andre konsulentselskap, samt hjå offentlege institusjonar. Vi oppmodar uansett om å ta kontakt dersom det er problemstillingar ein ikkje finn svar på, så vil vi i beredskapsteama forsøke å hjelpe.