Stryn TechHub

Stryn TechHub er namnet på ei klyngesatsing. Stryn Næringshage skal vere katalysator for innovasjonsprosessane til bedriftene i klynga gjennom å tilrettelegge slik at ein kan arbeide meir effektivt frå idé og vidare i dei ulike utviklings- og produksjons-/testfasane.

Ein ønskjer å knyte leverandørar, kundar, FoU-miljø/-aktørar, samarbeidspartnarar og nettverk tettare til klynga sine eigne innovasjonsprosessar på ein planmessig og organisert måte, både permanent og frå prosjekt til prosjekt.

Stryn TechHub har utspring frå ei samlokalisering av bedrifter frå ulike bransjar, men som i stor grad har samhandla over lengre tid og kjøper tenester av kvarandre. Ofte, som her, ser ein at bedrifter på tvers av bransjar gjerne har nokre utfordringar som er like, og ved å kople seg tettare og til andre næringsklynger, kan vi utløyse synergiar som vil framskunde utviklingsprosessane til verksemdene. Samstundes vil verksemdene utvikle sitt nettverk der nye idear, samarbeid, kjøp av tenester med kvarandre, kompetanseauke, mv.; får god grobotn.

I mangelen på urbane universitetsbyar i vår region, vert det peika på viktigheita av å utvikle innovative og internasjonalt orienterte nettverk, samt å utvikle attraktive arbeidsplassar for ungdom. (Vestlandsforsking rapport nr 2/2014.) Vår satsing skal vere eit svar på utfordringane knytta til ufullstendige innovasjonssystem, som gjerne er felles for utkantsamfunn som Sogn og Fjordane og distrikts-norge generelt.

Styrking av- og vekst i denne klynga og «partner-klynger» vil gje positive ringverknadar i øvrig næringsliv og samfunn i heile regionen – ringverknader i form av, auka samla kompetanse, spin-offs, nyskaping, tilflytting og attraktivitet – attraktivitet for kundar, leverandørar og arbeidstakarar.

Vi er no inne i ein forprosjektfase med støtte frå Innovasjon Norge, der vi m.a. skal:

  • forankre prosjektet
  • bygge nettverk, rekruttere fleire deltakarar
  • utvikle samarbeid og skape tillit
  • avdekke utfordringar, behov, moglegheiter og potensial
  • finne fellesnemnarar og samarbeidsområder/-prosjekt
  • forventningsavklaring/bidrag inn i nettverket
  • konkretisere ambisjonar
  • organisere/styringsgruppe
  • utvikle forretningsplan med felles mål, strategiar og handlingsplan/årshjul
  • utvikle intensjonsavtalar

Ønskjer di bedrift å vere ein del av dette nettverket, ta kontakt med Knut Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage (92 89 82 82 / [email protected])