Lokal krisepakke frå Stryn kommune

I kommunestyremøtet 2. april vart det gjort vedtak lydande slik:

KS- 037/20 Vedtak: Stryn kommune set av ei ramme på inntil kr 2.000.000 som kan nyttast til likviditetslån til akutte likviditetsutfordringar for bedrifter. Det skal utarbeidast kriterier for tildeling.

Vilkåra for tildeling er no utarbeidde og lyder slik:

Retningslinjer for prioritering av krisemidlar frå kommunen: 

  • Ordninga gjeld for bedrifter med forretningsadresse i Stryn kommune.
  • Søkar må synleggjere (saman med banken) akutt behov for likviditet og vise ein god plan for finansiering etter krisa. ​
  • Bedrifta kan ikkje få dobbelt tilskot/lån (kommune, fylke og stat).  ​
  • Ordninga er eit rentefritt likviditetslån med variabel tilbakebetalingstid (inntil andre krisepakkar/likviditet er på plass).
  • Ordninga kan ikkje nyttast til refinansiering.
  • Dersom det i ettertid skulle vise seg at det ikkje vert økonomisk muleg å tilbakebetale lånet, kan det konverterast til tilskot etter nærmare vurdering.
  • Øvre grense for tilskot/lån vil få skjønsmessig vurdering.
  • Støttemottakar bør vurdere retten til å ta utbytte frå bedrifta i 2020.
  • Beredskapsteam Stryn er søknadsmottakar og vil førebu søknadane for vidare handsaming i administrasjonen i kommunen. Innstilling vil leggast fram for formannskapet for vedtak. Kommunen oversender så tilsagnsbrev der vilkåra må signerast og returnerast før utbetaling kan skje.
  • Bedrifta skal rapportere tilbake bruk og effekt av midlane.

Søknad må innehalde:

  • bekrefting av kapitalbehov til dekking av faste kostnadar frå bank
  • kortfatta plan for vidare finansiering under og etter krisa
  • kortfatta informasjon om situasjonen for bedrifta, tiltak som har vore satt i verk og t.d. om ein per no fell utanfor statlege støtteordningar
  • siste årsrekneskap og siste perioderekneskap tilgjengeleg
  • kontaktinformasjon
  • bankkontonummer

Oppmodar om å ta kontakt ved spørsmål ([email protected] / 92898282).

Ordninga er open frå og med 8. april.

Søknad sendast: [email protected] med kopi til [email protected]

Søknad må merkast i emnefeltet: Søknad krisepakke Stryn kommune

Helsing Beredskapsteam Stryn.