Green Innovation Network

Om Green Innovation Network (Klynge og nettverksprosjekt)

 Forretningsideen

Green Innovation Network (GIN) er eit nettverk av bedrifter som i felleskap skal tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar nasjonalt og internasjonalt.

Bedriftene som er med no som kjernebedrifter i oppstartsfasen er alle målbedrifter i Næringshageprogrammet.

Bedriftene i GIN har kjernekompetanse relatert til:

·         fornybare energiløysingar

·         planlegging av gode byggløysingar og infrastruktur

·         energieffektivisering

·         forretningsutvikling

·         kompetanseutvikling

Bedriftene skal no på tur til Finland for å besøke VTT for å presentere seg og sjå på mogelege samarbeid 26. – 28. september

Enkel rapport etter turen:

Målbedrifter med «Grøn» satsing i Finnland

Målbedriftene Nordplan AS, Enøk-senteret AS, Fjordvarme AS, Segel AS og NyKunnskap AS er alle målbedrifter og har gått saman i et forprosjekt til et bedriftsnettverk dei har kalla Green Innovation Network (GIN). Dei vil i fellesskap  tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar. Dei vil no utvide nettverket internasjonalt og var nettopp i Helsinki i samband med den Nordiske Passivhuskonferansen.

 

Den nordiske Passivhuskonferansen

Trond Haavik frå Segel hadde innlegg på konferansen om resultat frå EU-prosjektet Cohereno som handla om å etablere lokale grupperingar for oppgradering av einebustadar i 5 land.

På tampen introduserte han GIN-samarbeidet. Dette vakte interesse blant deltakarane som var nysgjerrige på korleis dei evt kan bli med. Foto: Magne Hjelle

 

 

Samarbeidsmøter

Det vart gjennomført møter med  potensielle samarbeidspartnarar og ein er no i vidare

dialog med VTT som er Finnlands leiande forskingsinstitutt og har ei brei erfaring innan

innovasjon relatert til bygg og energisystem.

Ein ser vidare på mogleg samarbeid med eit selskap som er spesialisert på solenergi

Foto: Magne Hjelle