Forbetringsforum Sogn og Fjordane

Stryn Næringshage har med støtte frå Innovasjon Norge etablert eit nettverksprogram for industribedrifter i Sogn og Fjordane, der formålet er auke kunnskapen om metodikkar for forbetringsarbeid og deling av best practise. Prosjektet er i utgongspunktet toårig, men målet er at nettverket skal bestå gjennom deling av kompetanse og erfaringar også i framtida, slik at ein sikrar varig forbetringsarbeid og dermed styrking mot den globale konkurransen.