Om næringshagane

Næringshagane i Nordfjord er ei foreining og eit samarbeid mellom Nordfjordeid Næringshage AS og Stryn Næringshage AS.

Vi har ei avdeling på Eid (Øyane 11) og to i Stryn (Tinggt. 3 og Tonningsgt. 16).

Samarbeidet kom i gong då ein søkte saman om det nye næringshageprogrammet – eit 10-årig bedriftsutviklingsprogram som skal bidra til å skape vekst, sysselsetting, internasjonalisering og auka lønsemd.

Næringshagane i Nordfjord har i dag ansvaret for Næringshageprogrammet i region Nordfjord, samt Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane.

Næringshagane i Nordfjord deltek og kan delta i andre utviklingsprosjekt.