Kurs i Stryn hausten 2015

Stryn Næringshage samarbeidar med Exlevel om kompetanseheving for næringslivet. Denne hausten vert det opne dagskurs i Microsoft Excel og PowerPoint.

 

Microsoft Excel, level 1

13. og 14. oktober, les meir

 

Microsoft Excel, level 2

10. og 11. november, les meir

 

Microsoft PowerPoint, level 1

24. og 25. november, les meir

 

Exlevel tilbyr også bedriftsinterne kurs. Ta kontakt med næringshagen for eit muleg opplegg gjennom målbedriftsavtale eller direkte med Exlevel.

 

Har du behov for pengar til å utvikle din forretningsidé?

 

Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane

Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt – men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar.

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd VI har sett av tre millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidéar i ei tidlig prosjektfase.

Målet til stiftinga

Ideen må ha potensial til å kunne verte noko meir enn ei einmannsbedrift.

Målet er å gi gode idear ein sjanse til å utvikle seg gjennom:

  • Nyetableringar
  • Ny produksjonsmåte og/eller organisering
  • Å setje oppgåver og arbeidsoperasjonar inn i ein ny kontekst og skilje dei ut i sjølvstendige einingar
  • Verksemd som har potensial mot andre næringar eller nye marknader
  • Synergi gjennom aktivitet i møte mellom folk

Eksempel på aktivitetar som kan vera aktuelt å støtte er marknadsundersøkningar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsveiledning, utvikling av prototyper m.v (eksempla er ikkje uttømmande). Stiftinga vil i utgangspunktet ikkje støtte tap av arbeidsinntekt frå anna arbeid i ein oppstartsfase eller støtte til levekostnadar i ein oppstartfase.

Støtte til investering i fast eigedom, lausøyre, samt rein varehandel har låg prioritet ved tildeling frå stiftinga.

Det skal kunne investerast midlar i tiltak som gir økonomisk avkastning, men eventuell avkastning skal førast attende til stiftinga og nyttast til ny næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Kjerneverksemd

  • Maritim næring
  • Industri
  • Havbruk
  • Reiseliv
  • Kompetansekrevjande næringar
  • Forretningsmessig tenesteyting

Slik går du fram for å søkje om midler

Har du ein forretningsidé – beskriv ideen

  • Kva produkt/teneste skal produserast
  • Til kven; dvs beskriv marknaden og kunden
  • Kvifor innebær dette ei utvikling for næringslivet i Sogn og Fjordane
  • Kva vurderer ein som den største utfordringa i forhold til å realisere forretningsideen

Økonomi – kostnader og finansiering 

  • Kva skal pengane brukast til
  • Kva er ynskjeleg resultat
  • Kva anna finansiering vert vurdert

Potensial

  • Synleggjere utviklingspotensial i produktet/tenesta

Framdriftsplan

Søkjar sin bakgrunn og personalia

Lokalisering/adresse til søkjar samt forretningsadresse

Ynskjer du å arrangere temasamlingar, samarbeidsprosjekt, kunnskapsdeling, o.l. 

  • Beskriv tiltaket
  • Kvifor er dette viktig for Sogn og Fjordane
  • Målgruppe – kven ynskjer du skal delta
  • Innhald/dagsorden
  • Potensial: Mål for/ynskjeleg resultat av temasamling, samarbeidsprosjekt, kunnskapsdeling
  • Praktisk gjennomføring
  • Ansvarlege arrangørar – kven er dei

Bedrifter som er komne over startfasen kan og søkje, men her må spesielle omsyn komme til vurdering og ideen for ytterlegare næringsutvikling må vera spesiell. Dette fordi denne type bedrifter normalt kan søkje finansiering eller støtte frå andre kjelder.
Personlege eigenskapar til søkjar spelar ei rolle i høve nyetableringar, og det må vere rimeleg grad av sannsynlegheit for at ideen kan gjennomførast. Personvurdering er difor eit av fleire kriteriar som inngår i vurderinga av søknaden.
Søkjar skal ha fast adresse i Sogn og Fjordane fylke eller har konkrete flytteplanar.
Stiftinga har rett til å gjere kjent tilskotet/ytinga i media i smaråd med mottakar.

Handsaming av søknader

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane handsamar søknader. Styret i stiftinga tildel midlar etter innstilling frå Kunnskapsparken. Styret har møte ein gong i kvartalet. Søknadsfrist for å kome til vurdering i eit styremøte er normalt tre veker før møtedato. Styret i Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane består av ei rekke høgt kvalifiserte personar i privat og offentleg sektor i Sogn og Fjordane.

Styremøter 2015:

Møte 27. oktober 2015 med søknadsfrist 30. september 2015

Tildeling

Tildeling kan vera inntil kr 300.000 per prosjekt. Det er mogleg å få tildeling fleire gonger. Utdeling kan gjerast i fleire omgangar. Dette for eventuelt å sjå til at midlar vert nytta i tråd med søknad. For søkjarar som får stønad med atterhald om flytting til Sogn og Fjordane, kan det verte stilt vilkår til utbetaling eller krav om eventuell tilbakebetaling om ikkje flytting vert gjennomført.

Skriftleg søknad sendast

Sparebanken Vests Næringsstifting for Sogn og Fjordane
c/o Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane:
Jøril Hovland | Tel: 482 19 780 | Epost: [email protected]

Stem fram årets gründer i Sogn og Fjordane!

logo800x450

 

ER DU ÅRETS GRÜNDER I SOGN OG FJORDANE?

Er du i startfasen på den neste bedriftssuksessen i Sogn og Fjordane? Då kan DU bli Årets Gründer 2015 – og stikke av med heile 100.000 kroner!

6.november skal «Årets Gründer 2015» kårast i Sogn og Fjordane. Det er fjerde gong prisen vert delt ut, og den heldige vinnaren får med seg 100 000 kroner som startkapital til nyskapinga si.

Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Målet med prisen er å stimulere til innovasjon i Sogn og Fjordane, og samtidig gje dei som allereie er innovatørar ei viktig merksemd, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Vi ser at det spirer i gründerverksemdene i fylket, og ingenting er betre enn det. Vi ønskjer å satse på gode idéar som tilfører fylket vårt arbeidsplassar og spennande merkevarer, seier Fidjestøl.

Etter søknadsfristen vert det plukka ut om lag fem finalistar, som alle vert presentert på framtidsfylket.no den 14. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, fram til vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 6. november.

Dei tre siste åra har verksemdene Highsoft (2012), Melin Medical (2013) og Intempo (2014) gått heilt til topps i kåringa. Fidjestøl understrekar at ein ynskjer å sjå alle typar verksemder i konkurransen. Ikkje minst har ein alle lov til å nominere kandidatar.

– Vi er opptekne av å gje merksemd til verksemder med gode idear, og gje dei ei hjelpande hand til å vidareutvikle sine produkt. Vi ønskjer å sjå breidde blant kandidatane, ikkje berre ferdigutvikla verksemder.

Juryen vil m.a. bestå av: Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane og Gro Rukan, dagleg leiar av Framtidsfylket.
Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet
  • Idéen/ prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, evt må forretningsidéen vere utviklar for mindre enn fem år sidan.

Frist for å sende inn forslag til kandidatar er tirsdag 21. september. Send ditt forslag til [email protected]

Desse representerar samarbeidspartane og ser fram mot å få mange gode forslag!

aretsgrunder_2015
 

Regionalt kurs i offentlege anskaffingar

Sjå http://nhin.no/arrangement-arkiv

Dato:1. september 2015

Tid:09:00
Sted:Scandic Nordfjord Hotell

Fjordvarme AS har tidlegare signalisert og bedt om tilbakemelding på eit regionalt kurs i Nordfjord, om gjeldande regelverk for offentlege anskaffingar og endringar som er på gang.

Kurset vert gjennomført i samarbeid med Næringshagane i Nordfjord.

Ut frå tilbakemeldingar så langt, reknar vi med at ca. 20 personar vert med. Vi sender såleis ut invitasjon for bindande påmelding innan 24. august.

Kurshaldar vert advokat Åshild Fløisand frå advokatfirmaet Steenstrup Stordrange i Bergen.

Tid: 1. september på Nordfjord Hotell, Nordfjordeid (09.00 – 16.00)

Pris: 2.000,- + mva pr. person inkl. lunsj

Påmelding til: [email protected] eller 902 98 284

Sjå info om førelesar og innhald for dagen: http://www.fjordvarme.no/aktuelt/kurs-om-offentlege-anskaffelsar/?nav=framsid

ReNorway AS nominert til nyskaperprisen

Ei av våre målbedrifter er nominert til nyskaperprisen for Nordvestlandet.

Sunnmørsposten skriver i sitt magasin ‘Årets nyskaper’ at bedrifter på Nordvestlandet er langt framme i å tenke miljø, og det er en ære at ReNorway er blant de tre nominerte til Nyskaperprisen.

I en 3-siders artikkel skriver de mer om hva ReNorway holder på med og hvilken planer dei har.

Mandag 4. mai er prisutdelingen i Ålesund, vi krysser fingrene!

For å lese saken klikk på linken http://www.renorway.com/nyheter/

 

Sparebanken Vest Næringsfond

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane har som mål å gi fødselshjelp for gode, nyskapande og framtidsretta idèar, og gi dei ein sjanse til å utvikle seg. Dette kan vere gjennom å gi tilskot til gründerarar som er i startgropa eller til bedrifter som ser nye marknader eller produkt /tenester som kan utvikle seg til bærekraftig selskap eller avdeling.
 
Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.
 
Typiske aktivitetar som kan få stønad i fondet er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan og forretningsmodell, utgifter til etableringsrettleiing og også til utvikling av prototypar der det er aktuelt. Storleiken på tilskot har vanlegvis i vore innafor området 50 000,- – 200 000,-, og desse midlane representerer den private eigenkapitalen som Innovasjon Norge og andre offentlege verkemiddel vanlegvis set krav til.
Stiftinga gir støtte i ein tidleg fase – som ofte er kritisk –  før dei evt får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og andre.
Fondet blir drifta etter rammer som er veldig målretta til å støtte opp om forretningsdièar som er nyskapande, framtidsretta og har vekstpotensiale, eller at det er intereressante miljø som er i framvekst.  Erfaringa i det 8-ende driftsåret er at det er mange idèar og initiativ som kan ha gode mulegheiter for utvikling og vekst, men som likevel ikkje kjem inn under fondet sine rammer. Eksempel på det er kafè, tradisjonell butikk og nettbutikk, og andre tradisjonelle servicebedrifter.
Informasjon vi må ha i søknaden er beskrivelse av forretningsidèen, kva spesielt det blir søkt støtte til, kostnader, finansiering og om personen eller bedrifta som står bak. Det er ikkje eige søknadsskjema til fondet, og det er lågterskel i høve formalitetar. Poenget er å få fram informasjon om desse momenta, og så tek vi kontakt med søkar om vi ynskjer meir informasjon.
 
Neste styremøte i fondet er 30 april, og søknadsfrist er sett til 27 mars.
 
Søknadane skal stilast til:  Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane, 
 
og sendast til:
j[email protected]
 
eller: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane v/Jøril Hovland
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal
 
Søknadane kan med fordel sendast pr e-post, men også i papirform via postverket.