Vi søker prosjektleiar / forretningsutviklar

Vi ønsker å auke kapasiteten innan prosjektleiing og forretningsutvikling i Stryn Næringshage og lyser hermed ut ei 100% fast stilling.

Hovudaktiviteten i selskapet er bistå gründerar og vekstbedrifter i å utvikle sine forretningsidear og verksemder. Tilrettelegging for gode møteplassar, samt å bringe kompetanse og nettverk nær bedriftene våre, er sentralt arbeid. Vi leier ulike utviklingsprosjekt og er eit bindeledd mellom offentleg og privat næringsliv. Samarbeid mellom skule og næringsliv har eit særskilt fokus gjennom eiga stilling.

Selskapet inngår i ein ny partnerskap mellom fleire næringshagar og ein kunnskapspark. Saman skal vi auke vårt geografiske nedslagsfelt og ta ei større rolle som eit koordinert virkemiddelapparat i nye Vestland. Selskapet skal generelt fremje vekst og positiv utvikling i næringsliv og samfunn.

For å kunne yte fleire og betre tenester knytta til dette, så søker vi nokon med desse eigenskapane/bakgrunn:

  • relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • erfaring frå forretningsutvikling, gjerne internasjonalt
  • analytisk og systematisk tilnærming
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • utadvendt og framoverlent
  • arbeider sjølvstendig og strukturert med eigne oppgåver
  • god samarbeids- og gjennomføringsevne

Erfaring kan erstatte formell/relevant utdanning og personlege eigenskapar vil vi tillegge stor vekt. Har søkar spisskompetanse på eitt eller fleire av FNs berekraftsmål, så kan det vere eit fortrinn.

Vi kan tilby:

  • spennande og utfordrande oppgåver
  • konkurransedyktige betingelsar med fleksible arbeidstidsordningar
  • stor friheit i eigen arbeidskvardag
  • gode, personlege utviklingsmoglegheiter
  • godt utviklingsmiljø med engasjerte kollegaer og nettverk

Tiltreding i stillinga er ønskeleg så raskt som råd innan 1. mai 2020. Noko reiseverksemd må påreknast.

Ved spørsmål; kontakt dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk, tlf. 92 89 82 82.

Søknad og CV sendast innan 12. januar til [email protected]

Forsterking av Næringshagane sin satsing

Vi er stolte over tilliten frå Siva SF, og gler oss til å tilby næringshageprogrammet til bedrifter i Sunnfjord i samarbeid mellom Næringshagane i Nordfjord, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Sjå link

Pressemelding: No kjem Fjordane Virtuelle Campus !

Fjordane Virtuelle Campus (FVC) har dei siste dagane nådd tre milepælar som gjer det mulig å realisere planane om desentraliserte studie innan høgare utdanning på Nordfjordeid, lab til utdannings- og forskingsarbeid i bedriftene og klyngeutvikling av elektro/automasjon-, bygg- og enøk miljøet på Vestlandet.

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Vest går inn med finansiell støtte til etableringa av Fjordane Virtuelle Campus, med høvesvis 8 og 1,65 mill kr. I tillegg vart det i dag kjent at FVC får ei løyving frå Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett på 2 mill kr til vidareutvikling av klyngesatsinga. Alt dette kjem i tillegg til det bedriftene går inn med kapital.

Nordfjordeid Næringshage AS er stønadsmottakar og skal endre namn og utvide aksjekapitalen slik at fleire bedrifter kjem inn på eigarsida. Største eigar i dag er Siva som er svært positive til denne satsinga. Siva er Statens aktør for utvikling av klyngemiljø i heile landet, og FVC vil såleis kunne utviklast som ein attraktiv node i dette nettverket der Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og er ein del av.

Invitasjon Tech Talks Nordfjord – for IT interesserte og utviklarar

Hei, du og andre i di bedrift er invitert til uformell samling for dei som arbeider med utvikling innan IT. 14. juni 18 – 20 +++ sosialt

Det har vore tilsvarande samling i Stryn og vi prøver no å samle Nordfjord med ein liten samling som ein kick-off for eit eventuelt nettverk. Om du har noko du vil dele – ta ordet !

Inviter gjerne med andre som kan ha interesse av samlinga

Sjå link og møt opp og vær nysgjerrig 😊 http://nhin.no/arrangement-arkiv