Under Nordfjordrådet sin konferanse «Grøn Næringsutvikling» i vinter, kom det innspel og ønskje om å etablere ein møtearena for energieffektivisering i offentlege og private næringar.
Sjå Energinettverk Nordfjord 2018
Under Nordfjordrådet sin konferanse «Grøn Næringsutvikling» i vinter, kom det innspel og ønskje om å etablere ein møtearena for energieffektivisering i offentlege og private næringar.
Sjå Energinettverk Nordfjord 2018
Sjå for info og påmelding
– Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
– Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
– Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din
På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.
Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.
Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter (speed dates).
Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.
Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.
Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden
Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.
Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.
Les meir tilskot til gründerar.
Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.
Link til:
Fylg linken under til ulike jobbar du kan velje mellom i arbeidsveka. Vi ser fram til å få søknad frå deg og håpar du får ei flott arbeidsveke!
Viser til pressemelding frå Siva:
Stadig flere norske bedrifter får hjelp av Siva. Antall nye bedrifter som tas inn i Siva-støttede næringshager og inkubatorer har økt kraftig viser ferske tall for 2017.
Sjå pressemelding på nett
Næringshagane i Nordfjord og 1. line tenesta tilbyr kurs – sjekk ut om du vil være med på nokon av desse
Nordfjordeid Næringshage har gjennom samarbeidsavtale med Eid kommune oppdrag for å gjennomføre Påsketreff 2018. Sett av tidspunktet 27. mars 2018, i Operahuset Nordfjord. Både bedrifter og gjester som har interesse av bu- leve- og arbeide i Nordfjord.
Til private og offentlege verksemder – lag og organisasjonar i Eid og Nordfjord
Nordfjordeid, 06. februar, 2018
Påsketreff 2018
Inviterer deg og di bedrift til å bli kjend med folk og næring i Nordfjord
Set av kvelden 27. mars frå kl. 20.00 i Operahuset Nordfjord til «bli-kjend-fest» saman med fine folk – og eit spennande og mangfaldig næringsliv i Nordfjord!
Vi ønskjer igjen å invitere verksemder og kommunar til å vise fram kva vi har å tilby alle som er interessert i å arbeide, bu, leve eller etablere seg i Nordfjord til treff i påska.
Eid kommune er prosjekteigar.
I 2018 har Påsketreffet teke vare på det beste frå tidlegare år og lagt til rette for nye opplevingar; Det vert ikkje eigne stands for kvar bedrift – men felles områder i Operahuset for samtalar over mat og drikke, der informasjon og underhaldning vert noko av det som skjer.
Vi lovar gjensynsglede, hygge og fest saman med gamle og nye kjennskap, prat rundt god mat, godt drikke, god musikk og overraskingar.
(Inviter dykkar nettverk også til treffet 😊)
Tema og nøkkelord;
Sjå www.stad2020.no for meir informasjon og påmelding – del dette gjerne med andre – takk
Mvh
Arild Hjelmeland, -prosjektleiar, påsketreff 2018
+47 456 00 526
Mange er frustrerte over kva GDPR vil ha å seie for eiga virksomheit. Korleis skal ein etterleve dei nye personvernreglane? Korleis skal ein klare å starte prosessen? Kan dette verkeleg gjelde vår virksomheit? Men er det eigentleg grunn til frustrasjon? – Både ja og nei.
EUs forordning for personvern, The General Data Protection Regulation (GDPR), blir norsk lov 25. mai 2018. Det betyr at vi får nye reglar for personvern i Norge. Det nye regelverket gir verksemder nye plikter og enkeltpersonar nye rettigheiter.
I dag ser vi stor formidling av GDPR informasjon i ulike kanalar, samt mange ulike GDPR aktørar, som er ute i marknaden for å tilby sine GDPR tenester i ulik form og kostnad.
Næringshagen har engasjert Serit Fjordane IT til å halde ein forenkla GDPR-presentasjon, der målet er å formidle essensen i forhold til kva prosessar den enkelte virksomheita må ta på alvor og få satt i sving før forordninga trer i kraft. Dette for helpe verksemda til å strukturere ein god oppstart av interne prosessar, og spesielt i forhold til forankring, kartlegging, implementering, drift og konsekvensar ved å unnlate å ta GDPR på alvor.
Presentasjonen er berekna til å vare i ca. 45-60 minutt og blir sponsa av Serit Fjordane IT AS. Det vil også bli kort informasjon om kva samarbeid ein kan inngå med Serit Fjordane IT i etterkant, dersom ein har behov for kompetanse i gjennomføring av GDPR-prosessen.
Presentasjonen tek primært føre seg:
Presentasjonen vert halden av Harald Gil Sætre, sal- og marknadsleiar i Serit Fjordane IT AS.
Tidspunkt: 08:00 – 09.30
Dato: 9. februar
Stad: Tingsalen i Stryn Kulturhus.
Enkel frukostservering frå kl 07.45.
Næringshagen byr på frukost og møtelokale, men gjer vel å melde deg på i linken under, slik at vi veit kor mange rundtstykker som skal smørast og kaffikanner som skal kokast.
Påmeldingsfrist: 7. februar
Sjå https://eid.kommune.no/innhald-a-a/naring/bedrift-og-etablering for meir informasjon