Kapitaldag Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken arranger kapitaldag i Førde 19. september saman med Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland og Aksello 

Her kan ein møte spanande investormiljømiljø på Vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekter. Informasjon, program og påmelding til Kapitaldag 19. september: https://www.innovasjonnorge.no/no/vare-kontorer-i-norge-og-utland-ny/Sogn-og-Fjordane/arrangementer/Kapitaldag-Sogn-og-Fjordane/

Psst, Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22 september! Meir informasjon finn de her; https://www.spv.no/om-oss/b%C3%A6rekraft/naeringsstiftinga-i-sogn-og-fjordane

Spre gjerne bodskapen i dykkar nettverk!

Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22 september

Psst, Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22 september

Kjenner du nokon med ein god idé?

Vi ønskjer berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket. Difor informerer vi deg om moglegheitene i fondet, slik at du kan formidle det til potensielle søkarar. 

Om fondet:

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idear og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kroner pr prosjekt. Fondet skal gi fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Kva får ein stønad til?

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:

·         utgifter til marknadsundersøkingar

·         produktutvikling

·         utarbeiding av forretningsplan

·         utgifter til etableringsrettleiing

·         utvikling av prototypar

Sjå vedlegg for info om krav og søknad. Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane_høst 2018 eks 2

 

Fint om du hjelper oss å spreie budskapet vidare i ditt nettverk!

 

Med venleg helsing

 

JØRIL HOVLAND

Prosjektleiar

48 21 97 80

Kunnskapsparken

kpsf.no

Frå idé til marknad – gratis kurs!

Dato: 31. mai

Kl. 11.00 – 14.00

Stad: nærare informasjon kjem

 

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

Vi vil gå gjennom:

– Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
– Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
– Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.

Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter (speed dates).

Forretningsmodellering

Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.

Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.

LEAN Start-up (smidig oppstart)

Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden

Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.

Tilskot til gründerar

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg  nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.

Les meir tilskot til gründerar.

Nettverk og kompetanse

Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.

 

Stad for gjennomføring i Stryn vert beslutta etter antal påmelde. Informasjon vil bli sendt deltakarane i forkant av kurset.

 

Link til:

Påmelding