Næringshagar er også eit tilbod til bedrifter som eksisterer frå før.
Næringshagane i Nordfjord er forvalterar av eit program som SIVA (siva.no) og Sogn & Fjordane fylkeskommune står bak. Dette er eit bedriftsutviklingsprogram som skal sikre at næringslivet i nedslagsfeltet vårt har tilgong på bistand og kompetanse knytta til vekst, internasjonalisering, organisasjonsutvikling, nettverk og verdiskaping. Også godt etablerte verksemder kan søke om opptak i programmet med sine utviklingsprosjekt, og ved opptak som såkalla målbedrift, vil ein kunne motta tenestene næringshagane leverer med inntil 75% rabatt.
Dette kan vere tenester som bistand til:
- søknader
- forretningsutvikling
- markedsarbeid
- rekruttering
- egen kompetanseutvikling
Næringshagane kan også sette ein i forbindelse med:
- risikokapital
- FoU-institusjoner
- leverandørar
- styrekompetanse
Dette for å nemne noko. Ta kontakt med din næringshage og så finn vi dei beste løysingane saman.
Lokaler i bedriftsmiljø
Næringshagane tilbyr også attraktive forretningslokaler som er tilrettelagt for samspel mellom bedrifter. Lokala har fellesløysingar på praktiske kontorbehov og behov for spesialkompetanse som advokatar, revisorar, dataløysingar etc.