Harpefossen Skisenter AS

Velkomen til Harpefossen og Hjelmelandsdalen i Nordfjordeid!

Her kan du og familen ta del i naturbaserte opplevingar – heile året!

Harpefossen Skisenter ligg i Nordfjordeid i hjartet av Nordfjord i fjordfylket Sogn og Fjordane.

Om vinteren har Harpefossen Skisenter eit komplett og variert tilbod til heile familien. Her kan du velje i ei rekkje nedfartar og området har svært gode forhold for laussnøkøyring. Her er også eigne barneheisar og eit stort skileikområde. I tillegg er her mange kilometer med preparerte turløyper, og både alpinbakkane og turløypene er flombelyste.

Ellers i året finn du eit mangfald av turmoglegheiter i Hjelmelandsdalen. Her er over 100 km turstiar som er merka og skilta etter ny standard. Om sommaren kan du ta ein ridetur i idyllisk seterlandskap og høyre lyden frå naturen og beitande dyr, sykle på sti og seterveg, eller prøve fiskelukka i Hjalmaelva eller eit av dei mange fjellvatna. Dersom du likar fart og spenning så kan du snart ta i bruk dei nye traséane for downhillsykling!

På Harpefossen kan du bygge draumehytta – og ha glede av den heile året! Harpefossen Hyttegrend er eit solrikt og attraktivt hyttefelt som består av tomter med høg standard og svært gunstige plasseringar, med ski inn – ski ut.

Hjelmelandsdalen ligg stille og urørt til i hjartet av Nordfjord. Likevel er det ikkje langt til dei meir urbane gledene. På 10 minutt er du i Eid sentrum, der du finn eit stort utval av butikkar, kaféar, frisørar, minibakeri, golfbane, restaurantar på Bryggen Hotell og Nordfjord Hotell som også har spa, kunstgalleri, kino og ikkje minst eit breitt kulturtilbod i Operahuset Nordfjord – heile året!

E-post: post / harpefossen, no
Nettside: http://harpefossen.no
Adresse: Harpefossen i Hjelmelandsdalen, 6770 Nordfjordeid