Fjordvarme AS

Eid kommune har satsa tungt på fjordvarme som energikjelde og har gjennom mange år jobba med å utvikle ny teknologi og nye løysingar for å utnytte energien i fjorden.

Gjennom Fjordvarme AS vert no dette konseptet gjort tilgjengeleg for andre tettstader og byar. Fjordvarmeanlegget gjev rein og fornybar energi både til verksemder, offentlege bygg og privatbustader i kommunesenteret Nordfjordeid. – Konseptet er no utvikla og tilgjengeleg for marknaden.

Erfaringane frå Nordfjordeid gjer at det er enklare og rimelegare for andre tettstader å ta det i bruk enn det var for pilotkommunen Eid. Saman med eksterne utbyggjarar kan vi bidra til ei storstilt utbygging av fjordvarmeanlegg i mange av byane og tettstadene langs kysten, seier dagleg leiar i Fjordvarme AS, Magne Hjelle. Utbyggjarane som må kome på bana, er kommunane i samarbeid med energiselskap og næringsliv.

Forretningsidé

Fjordvarme AS leverer tenester innan rådgjeving, prosjektering, utbygging og drift av energianlegg til oppvarming og kjøling ved bruk av termisk energi frå vatn.

 

E-post: magne, hjelle / fjordvarme, no
Nettside: http://fjordvarme.no
Adresse: Øyane 11, 6770 Nordfjordeid