Seminar om Norsk Katapult og Future Materials 29. oktober i Stryn!

 

 

Våre nordiske naboland er alle inne på Topp 10-lista til Global Innovation Index dei siste fem år. I 2018 havna Norge på 19. plass.
Morgendagens bunnlinje skapast i dag gjennom å kombinere kompetansen i bedriftene med relevant industriekspertise og testfasilitetar. I første halvår av 2019 kontakta over 100 bedrifter Future Materials katapult-senter for å få hjelp til å foredle og utvikle sine idear raskare og med lavare risiko. Saman kan ein betre norsk konkurransekraft og løfte næringslivet.

Nysgjerrig på korleis? På nettverksmøtet får du ei rekke eksempel på store og små katapult-prosjekt, og informasjon om korleis du kan ta fatt på ditt utviklingsprosjekt saman med den nye katapult-ordninga. Vi trur også møtet vil gje inspirasjon til næringslivet i Nordfjord og vi håpar det kan bli bedrifter herfrå som bidrar til å få Norge inn på «Topp 10 – Global Innovation».

Næringshagane i Nordfjord har invitert dagleg leiar i Future Materials, Aslaug Hagestad Nag, til Stryn for å informere næringslivet i regionen om mulegheitene i den nye katapult-ordninga. Ho vil særleg ta føre seg Future Materials, men vil også kome inn på kva dei 4 andre katapult-sentra i landet kan bidra med.

Generelt skal katapult-sentra gjere det enkelt for innovative bedrifter å utvikle prototyper, teste, visualisere og simulere, slik at idear utviklast raskare, betre og med mindre risiko. Katapult-sentra skreddersyr tjenesta til bedrifta sine behov, enten det er bistand gjennom heile innovasjonsprosessen eller til ei spesifikk, avgrensa utfordring.

Finansiering av slike prosessar har vi støtteordningar til, og både Innovasjon Norge og Næringshagane i Nordfjord vil fortelle om sine ordningar i seminaret.

Ein kan også avtale 1-1-møte med Aslaug Hagestad Nag, Innovasjon Norge og næringshagane i etterkant av møtet. Meld gjerne frå om slike ønskjer allereie no i påmeldingsskjemaet i linken under. Seminaret er kostnadsfritt, men vi treng å vite kor mange som kjem.

Del gjerne arrangementet innad i di bedrift og i ditt nettverk, og les også meir om Norsk Katapult i linken under.

PÅMELDING

 

Les meir om Norsk Katapult her.