Høgskuleutdanning i Coaching og relasjonsleiing – 15 STP på Sandane

I samarbeid med Folkeuniversitetet VESTLANDET profilerer vi no;

Høgskuleutdanning i Coaching og relasjonsleiing – 15 STP på Sandane.

Sist gong i 2014 var det 29 stk. som tok coachingstudiet lokalt på Sandane. No skal dette populære studiet i gong på nytt på Gloppen Hotell. Oppstart blir onsdag 16 og torsdag 17 januar. Ein kan melde seg på her: (via denne linken finn du direkte påmelding til kurset)
(siste frist for påmelding er 9 januar 2019)  Sjå gjerne referanseliste nedst i denne mailen. Det kan nemnast at SFE har hatt med 14 stk. på dette studiet dei siste åra og Sparebanken Sogn og Fjordane 15 stk. Ta kontakt med underteikna om du har spørsmål.

Mvh
Folkeuniversitetet v/Reidar Brandsberg – 57 74 47 00 – 47 65 69 06

———————————————————————————————————————–

Coaching og relasjonsleiing emne 1 – 15 STP på Sandane vårsemesteret 2019
Studiet blir sett opp som eit samarbeid mellom Folkeuniversitetet og Oslo MET Storbyuniversitetet, tidlegare Høgskulen i Oslo og Akershus.

Gjennom å studere coaching vil du få fagleg påfyll i eit inspirerande miljø med gode forelesarar. Tidspunkt for studiet er på onsdagar frå kl. 10.00‐17.00 og torsdagar frå kl. 09.00 – 16.00. Dato for dei fire samlingane er som følgjer:

  • Samling 1 – onsdag 16. og torsdag 17. januar
  • Samling 2 – onsdag 27. og torsdag 28. februar – (veka etter vinterferien)
  • Samling 3 – onsdag 20 og torsdag 21. mars
  • Samling 4 – onsdag 10. og torsdag 11 april. (Palmesøndag er søndag 14 april)

Frist for innlevering av heime-eksamen, som er ein praksisrapport på 12 sider, er fredag 03 mai 2019.

Prisen for studiet er kr. 25.900,-. Eksamensavgift kr. 3500,- og bøker for ca kr. 1500,- kjem i tillegg.

 

Meir informasjon om sjølve studiet på 15 STP, finn du i vedlegga. Der finn ein og meir informasjon om dei andre modulane som ein og kan ta – coaching og relasjonsleiing emne 2 og emne 3. Totalt er det mogleg å ta 60 STP i coaching og relasjonsledelse
hos Folkeuniversitetet. Har du ein bachelor frå før kan dette grunnfaget nyttast som delfag om du skulle ønskje å gå vidare på Oslo Met og ta t.d. master i yrkespedagogikk.

 

Klikk her for å bli med eller for å få meir informasjon. Frist for påmelding er 9 januar 2019: https://www.folkeuniversitetet.no/Universitets-og-hoegskolefag/Organisasjon-og-ledelse/Coaching-og-relasjonsledelse-emne-1?city%5b%5d=Gloppen