Frokostmøte ERP

Korleis lukkast med ERP og andre store implementeringar?

Kva kjenneteiknar bedrifter som lukkast med implementering av nye IT-system og andre større byggjeklossar i sin tekniske plattform? Kva fallgruver bør ein unngå, og korleis tilnærme seg ei slik oppgåve?

Dei fleste verksemder opplever utfordringar knytta til til implementering og oppgradering av sine kjernesystem. PwC har gjennomført ei undersøking for å kartlegge kva som kjenneteiknar verksemder som lukkast med ERP-prosjekt. Resultata frå dette nasjonale arbeidet, med lokal kontekst, delar vi 7. februar på Stryn vidaregåande skule.

Vi er også så heldige at Jan Erik Sandbakk, leiar IT Konsern i Norva24, kjem og delar sine erfaringar frå ei rekke endringsreiser i eit selskap som har opplevd sterk vekst gjennom oppkjøp og som har behov for IT-system som støttar fleire av verksemda sine virksomheitsområder.

Frokostmøtet held vi i den nye konferanseavdelinga på Stryn vgs. kl 08.15-09.30 den 7. februar. Servering fra kl 08.00. Det er kostnadsfritt, men vi ber om at ein melder seg på i denne linken: PÅMELDING.