Digitalt informasjonsmøte for næringslivet

Onsdag 18. mars kl. 12.00 vil vi halde eit digitalt informasjonsmøte med næringslivet i Stryn kommune særskilt. Stryn kommune, NAV, Sparebanken Sogn & Fjordane og Visit Nordfjord vil dele informasjon om arbeidet som pågår for å hjelpe bedriftene og redde arbeidsplassar.
 
Her kan du som bedriftseigar/-leiar delta: trykk her.
(Møtet har kun plass til 250 deltakarar og vil derfor bli tatt opp og gjort tilgjengeleg i etterkant).
Vi ønskjer å forsøke og svare på nokre spørsmål undervegs og vonar dette vert eit to-vegsmøte der vi kan få verdifulle innspel i retur. Oppmodar om å nytte chat-funksjonen til dette.
(Treng ikkje Teams for å kunne delta. Bruk nettlesaren om du ikkje har programmet).
Vel møtt!