Action!

Næringshagane i Nordfjord, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage inviterer til eit heidundrande avspark for samarbeidet i innovasjonsmiljøet i nordre Vestland 6. – 7. februar 2020.

Staden er Sogndal Skisenter, Hodlekve og det vert spennande faglege innlegg, inspirasjon frå næringshage- og inkubatorbedrifter og sjølvsagt hyggeleg prat med gode kolleger. Med oss på samlinga vert Bård Eker – Norges kanskje beste industridesignar, sjølverklært «fartsidiot» og innovasjonsentusiast. Hans kreative og spennande reise syner stor innsatsvilje og utruleg mot. Vi får høyre om korleis Team Eker og deira kundar har tatt nye posisjonar i marknaden og skapt økt kollektiv åtgaum, gjennom målretta forretningsdrive innovasjon.

Dag 2 får 5 utvalde bedrifter høve til å vere med på ein work-shop i Eker Express. Dette er eit industriprogram for designdrive verdiskaping i regi Eker Design og Stiftelsen Teknologiformidling. Meir om programmet finn du her.

Program:

Torsdag 6. februar

11:30 Velkommen til Sogndal Skisenter Hodlekve v/ dagleg leiar Per-Odd Grevsnes
11:45 Intro til samarbeidet mellom Næringshagane i Nordfjord, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sognefjorden Næringshage
12:30 Lunsj i Dalalåven
13:30 Bård Eker: ACTION

Banebrytande design, kreativitet og innovasjon skapt i eit høgt tempo har gjort Bård Eker til ein av Skandinavias mest kjente og suksessfulle entreprenørar. Eker er industridesignar av yrke og har satt sitt preg på utvikling og innovasjon hos ei rekke norske og internasjonale bedrifter. Reisa har skapt mange spennande og innovative produkt og og merkevarer, samt viktige prisar og utmerkingar som td Norsk Designråds Hederspris og designverdenens Oscar pris Red Dot Award.

16:15 Kaffipause
16:30 Historiar frå målbedriftene og deira samarbeidsprosjekt
16:30 Mogeleg speed-date med Bård Eker
18:00 Snøleik
19:30 Middag, hyggeleg lag, skryting og lyging

Fredag 7. februar

08:00 Frukost
09:00 Workshop EkerExpress for inntil 5 bedrifter
09:00 Høve til interne møter ved behov

Pris per deltakar frå målbedrifter og inkubatorbedrifter er 500,- kr. Dette inkluderer fagleg innhald, lunsj, middag og frukost, samt overnatting i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom: 350,-. Ikkje målbedrift eller inkubatorbedrift? Kontakt oss i dag! Avgrensa tal plassar. Påmelding innan 20. januar HER.