Vi viser til informasjonsmøte 30.08.18 i Stryn og Måløy om mogeleg oppstart av Energinettverk Nordfjord. Vi har no fått stadfesta støtte til prosjektet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og prosjektet vil verte realisert slik det vart informert om på møtet. Sjå detaljar i vedlagt kontrakt og prosjektbeskriving. 

Fyrste samling/kursdag vert gjennomført 7. eller 8. november på Nordfjordeid. Tal deltakarar er avgjerande for om vi må gjennomføre to kursdagar, då vi har sett eit tak på 20 deltakarar pr. kursdag. Nærare innkalling med endeleg dato og lokale for kurset kjem så raskt vi har oversikt over dette.

Vidare kursdatoar for 2019 vert spikra på første nettverkssamling. Det vil som tidlegare nemnt verte gjennomført kurs i alle kommunane i løpet av prosjektperioden.  

Vi treng tilbakemelding på kven som ønskjer å delta i nettverket. Bindande påmelding skjer ved å returnere signert kontrakt innan 25.10.18 til [email protected]. Returner også vedlagte oversikt over tal deltakarar de ser føre dykk på dei ulike kursa. Dette er ikkje bindande, men det er ønskjeleg å vite ca. tal deltakarar. Spesielt til fyrste samling.

Vi ser fram til eit spennande og lærerikt nettverkssamarbeid i Nordfjord. – sjå vedlegg under 

Ta kontakt om de har spørsmål!

Med venleg helsing

Roger Aa Djupvik

Dagleg leiar Nordfjordrådet

Tlf 918 27 841

[email protected]

Skjema for kursdeltaking

Kontrakt Energinettverk Nordfjord

Prosjektbeskriving Energinettverk Nordfjord