Vi søker prosjektleiar / forretningsutviklar

Vi ønsker å auke kapasiteten innan prosjektleiing og forretningsutvikling i Stryn Næringshage og lyser hermed ut ei 100% fast stilling.

Hovudaktiviteten i selskapet er bistå gründerar og vekstbedrifter i å utvikle sine forretningsidear og verksemder. Tilrettelegging for gode møteplassar, samt å bringe kompetanse og nettverk nær bedriftene våre, er sentralt arbeid. Vi leier ulike utviklingsprosjekt og er eit bindeledd mellom offentleg og privat næringsliv. Samarbeid mellom skule og næringsliv har eit særskilt fokus gjennom eiga stilling.

Selskapet inngår i ein ny partnerskap mellom fleire næringshagar og ein kunnskapspark. Saman skal vi auke vårt geografiske nedslagsfelt og ta ei større rolle som eit koordinert virkemiddelapparat i nye Vestland. Selskapet skal generelt fremje vekst og positiv utvikling i næringsliv og samfunn.

For å kunne yte fleire og betre tenester knytta til dette, så søker vi nokon med desse eigenskapane/bakgrunn:

  • relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • erfaring frå forretningsutvikling, gjerne internasjonalt
  • analytisk og systematisk tilnærming
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • utadvendt og framoverlent
  • arbeider sjølvstendig og strukturert med eigne oppgåver
  • god samarbeids- og gjennomføringsevne

Erfaring kan erstatte formell/relevant utdanning og personlege eigenskapar vil vi tillegge stor vekt. Har søkar spisskompetanse på eitt eller fleire av FNs berekraftsmål, så kan det vere eit fortrinn.

Vi kan tilby:

  • spennande og utfordrande oppgåver
  • konkurransedyktige betingelsar med fleksible arbeidstidsordningar
  • stor friheit i eigen arbeidskvardag
  • gode, personlege utviklingsmoglegheiter
  • godt utviklingsmiljø med engasjerte kollegaer og nettverk

Tiltreding i stillinga er ønskeleg så raskt som råd innan 1. mai 2020. Noko reiseverksemd må påreknast.

Ved spørsmål; kontakt dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk, tlf. 92 89 82 82.

Søknad og CV sendast innan 12. januar til [email protected]