Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22 september

Psst, Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22 september

Kjenner du nokon med ein god idé?

Vi ønskjer berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket. Difor informerer vi deg om moglegheitene i fondet, slik at du kan formidle det til potensielle søkarar. 

Om fondet:

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idear og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kroner pr prosjekt. Fondet skal gi fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Kva får ein stønad til?

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:

·         utgifter til marknadsundersøkingar

·         produktutvikling

·         utarbeiding av forretningsplan

·         utgifter til etableringsrettleiing

·         utvikling av prototypar

Sjå vedlegg for info om krav og søknad. Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane_høst 2018 eks 2

 

Fint om du hjelper oss å spreie budskapet vidare i ditt nettverk!

 

Med venleg helsing

 

JØRIL HOVLAND

Prosjektleiar

48 21 97 80

Kunnskapsparken

kpsf.no