Skattefunn kurs

Næringshagane i Nordfjord inviterer saman med partnarskapen Vekst i lag og Norges Forskningsråd til kurs om Skattefunn:

Teams 1. februar klokka 13.00 til 15.00
Teams, Nordfjordeid 8. februar klokka 13.00 til 15.00

Oppdatert i dag 03.02.2021
Med ein uoversiktleg situasjon rundt smitte, vel vi å flytte kurset planlagt på Nordfjordeid 8. februar til Teams. (Kjem eiga innkalling forTeamsmøtet til påmeldte)
Vi startar kurset klokka 13.00 med ein liten introduksjon og praktisk informasjon, og legg inn ein pause ca. klokka 14:00. Avslutning 15:00 – fint om de er i Temas møte litt før slik at alle er klar til 13.00 😊
 
Det er nyttig om deltakarane har gjort seg nokre tankar om eige prosjekt, slik at kurset kan relaterast til dette, og vi kan trekke fram nokre døme undervegs. I etterkant vert det høve til å sende inn ei tidleg prosjektskisse, og få tildelt ein rådgjevar som kan bistå i det vidare arbeidet.
 
Ta gjerne kontakt med underteikna om du har spørsmål.
 På vegner av Inviro AS og partnarskapen Vekst i lag
 
Arild Hjelmeland
-prosjektrådgjevar-
 
Inviro AS – – Nordfjord Virtuelle Campus
 
www.nhin.no
+47 456 00 526
Nængshagane i Nordfjord – ein SIVA partner

2 timars SkatteFUNN-kurs:
Ein innføring i ordninga og råd om korleis du skriv ein god søknad
Kva kan du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt?

Om SkatteFUNN
Kriterier for godkjenning
Kva aktivitetar kan bli finansiert
Nokre eksempel på gode SkatteFUNN-prosjekt

Påmelding: Sjå Sognefjorden Næringshage