Pressemelding: No kjem Fjordane Virtuelle Campus !

Fjordane Virtuelle Campus (FVC) har dei siste dagane nådd tre milepælar som gjer det mulig å realisere planane om desentraliserte studie innan høgare utdanning på Nordfjordeid, lab til utdannings- og forskingsarbeid i bedriftene og klyngeutvikling av elektro/automasjon-, bygg- og enøk miljøet på Vestlandet.

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Vest går inn med finansiell støtte til etableringa av Fjordane Virtuelle Campus, med høvesvis 8 og 1,65 mill kr. I tillegg vart det i dag kjent at FVC får ei løyving frå Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett på 2 mill kr til vidareutvikling av klyngesatsinga. Alt dette kjem i tillegg til det bedriftene går inn med kapital.

Nordfjordeid Næringshage AS er stønadsmottakar og skal endre namn og utvide aksjekapitalen slik at fleire bedrifter kjem inn på eigarsida. Største eigar i dag er Siva som er svært positive til denne satsinga. Siva er Statens aktør for utvikling av klyngemiljø i heile landet, og FVC vil såleis kunne utviklast som ein attraktiv node i dette nettverket der Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og er ein del av.