Øystein Nes er tilsett som dagleg leiar i INVIRO – Nordfjord Virtuelle Campus

Planane om realisering av ein virtuell campus knytt til bedriftsmiljøet innan elektro, automasjon, IT, enøk, bygg og andre naturleg tilhøyrande teknologiske område i Nordfjord har i løpet av hausten 2019 teke form. Det er allereie kjent at ein har lukkast i å få i gong eit desentralt deltidsstudie på Nordfjordeid innan Automasjon og Elkraft. Planane om eit virtuelt campus er godt motteke nasjonalt og lokalt, og har fått tilsegn om eksterne midlar på vel 12,5 millionar kroner. Som ein del i den vidare realiseringa av desse planane, er Øystein Nes, som er tilbakeflytta Nordfjording, tilsett som dagleg leiar i selskapet, og tek til i stillinga 1.4.20.

Øystein Nes (35) har masterutdanning i medievitskap og har lang forretningserfaring frå ulike posisjonar i Danmark og Norge innan det internasjonale Mars-konsernet og Vinmonopolet. Nes, flytta heim til Nordfjord i 2017 saman med kone og barn. Styreleiar i INVIRO, Einar Løken, meinar ein har fått på plass ein person som er ein god relasjonsbygger med god forretningsmessig forståing som ønskjer å bidra til den positive utviklinga i Nordfjord regionen.

Hovudfokuset til Nes vil i oppstarten være å jobbe vidare med etablering av nye kurs- og utdanningstilbod utover det ein allereie har fått i gang saman med Fagskulen i Sogn og Fjordane. Han vil jobbe tett på både eksisterande og nye bedrifter i klynga for å avdekkje bedriftenes behov innan kompetanseutvikling og rekruttering, FoU kapasitet samt nettverk til andre innovative miljø.

INVIRO skal skreddarsy kompetansetilbod og innovasjonsstøtte med finansiering til bedriftene som er tilknytta klynga. Dette skal bidra til vekstkraft for bedriftene, og samtidig vere «ei rugekasse» for forretningsutvikling. Tenesten blir levert av INVIRO både fysisk og virtuelt.
Planen er at det i løpet av 2021 blir realisert eit bygg på «campingplass-tomta på Nordøyrane der INVIRO saman med andre bedrifter blir samlokaliserte. Dette inngår såleis i den «fysiske» delen av campusen som består av heile området frå Nordfjord Sjukehus, Eid vidaregåande skule og Normatic. Nes vil ha kontor på Skreddarhuset i Øyane før bygget står klart.
Fram til dagleg leiar er på plass i april vil prosjektleiar Trond Haavik frå Segel, saman med styret, arbeide vidare med sjølve etableringa av INVIRO. Dette omfattar mellom anna gjennomføring av ei aksjekapitalutviding. Etableringa skjer gjennom selskapet Nordfjord Næringshage AS (per i dag ingen fast tilsette).

I løpet av februar endrar selskapet namn frå Nordfjord Næringshage til Inviro AS, og vil auke eigenkapitalen med minst 2 millionar kroner. Dette vil kome i tillegg til knappe 8 millionar frå Fylkeskommunen, 2 millionar frå Kunnskapsdepartementet, 1,65 millionar i gåvemidlar frå Sparebanken Vest og 1 million frå Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane.