Opptak webinar Beredskapsteam Stryn 16. november

Trykk her for å sjå opptak av nettmøtet 16. november og tidlegare møter.

Oppmodar om å sjå opptaket. Du kan stoppe, spole etc. dersom det er delar som er meir nyttige for deg enn andre. 

I tillegg har vi oppsummert innlegga skriftleg og du kan lese essensen under.

Kommunelege Marius Solbakken:

Julebord; det er ikkje opning for å samle meir enn 20 personar. Kommunelegen har ingen dispensasjonsmulegheit uavhengig av smittesituasjon i Stryn.

Oppmodar om å reise minst mogleg. Har du vore i eit område med smitteutbrot, så vis særskilt omsyn ift. å halde avstand, ikkje oppsøk sosiale møteplasser, ha god handhygiene, hald deg heime om du er sjuk. Ta kontakt for test slik at dette blir gjort tidlig i forløpet. Dette aukar sjansen for tidlig kontroll, smittesporing og minst muleg konsekvensar for bedrift og samfunn. 

Ved bruk av utanlandsk arbeidskraft så må du sette deg inn i reglar om karantenehotell. Sørg for god og tydelig dialog og kommunikasjon med arbeidstakar om kva reglar som gjeld og kva dei betyr. Her er rom for misforståingar basert på både på språk, kultur og frykt for arbeidet sitt.

Stryn Kommune, Rand Lillestøl Røyrvik:       

Næringsfondet på totalt 3.400.000 millioner i 2020 etter tilleggsløyvingar 
2.659.000 er gått ut etter søknader til fondet. Rest på 535.000 – mykje aktivitet og søknader komne inn

Haust 2020 kom det 3.400.000 i ekstra overføringer fra staten til vedlikehold og rehabilitering i kommunen, tidfrist ferdig 2020. Formålet var å auke aktivitet i bygg – og anleggsbransjen. 

Budsjett lagt fram, gjennom arbeidet ser ein at økonomien strammar seg til. Overføringar frå staten dekker ca dei løpande kostnader Stryn kommune har, men det er lite rom for nye tiltak. Prioriterte tiltak er dei som er lovpålagde, men kommunene prøvar å skaffe rom for å nye prosjekt og gje støtte til næringslivet gjennom det. 

Kommunen håper staten følger opp lovnader og støtteordninger og kjem til å følge dette opp.

Uavhengig av utvikling med Covid-19 så er det viktig at vi fortset arbeidet med ein næringsstrategi som er nyttig for alle, vi her gjensidig avhengig av kvarandre og må opprettholde god dialog. 

Stryn Handel, Olav Atle Øvreberg

Julehandel er viktig for butikkane våre, oppmodar om å handle lokalt og at vi besøker butikkane. Stryn Handel tek med seg erfaringer frå smitteverntiltak og legg til rette for trygge besøk i butikkane. 

Stryn Handel ynskjer å spreie handelen på døgnet og datoar.

Fokus på kortreist julehandel, og auka informasjon i digitale medier for informasjon og annonsering.

Black Week – kjedebestemt.

Black Friday – utvida opningstid til klokka 20.00.

29.nov. – tenning av julegran og opning av julegate. 

Utvida opningstider fom 29.nov – 24.des. 

12.des – musikk og kor i sentrum / Per Bolstad
20. des – musikk og kor i sentrum / Per Bolstad

Sparebanken Sogn og Fjordane, Ørjan Skåden

Statsgarantiordninga er utvida frå 31.12.2020 til 30.06.2020.

Utsett skatt og mva skal no krevast inn, dette byr på utfordringar. Banken oppmodar om å gå tidleg i dialog med blant anna bank for å løyse utfordringane.

Reiseliv/ varehandel vil også oppleve eit annleis år i 2021 – banken oppmodar om tidleg dialog med bank og det offentlege for å sikre likviditet for 2021.

Dessverre var det tekniske problem under Visit Nordfjord sitt innlegg, så her kan du lese kva det skulle handle om:

Her kan du lese innspelet frå Nordfjord til vidareføring av krise- og omstillingspakke for reiselivet. Dette vart sendt til Stortinget, regjering ved næringsminister og statsminister, og Vestland fylkeskommune.

Her er slidane frå innlegget til PwC om kompensasjonsordning 2:

Med helsing Beredskapsteam Stryn.