Næringshagen + BI = sant

Handelshøyskolen BI har inngått eit samarbeid med Næringshagane i Norge, som blant anna betyr ei rekke gratis kurs.

Eit av dei mest populære kursa i kursserien er Bærekraft som konkurransefortrinn. Serien består av følgende 3 kurs:

  • Bærekraft som forretningsmodell og konkurransekraft
  • Bærekraftige strategier og Innovasjoner
  • Grønn markedsføring og kommunikasjon

Det er mogleg å melde seg på 1, 2 eller alle 3 kursa. Bransjeprogramma finansiera eit begrensa antal gratis plassar, så dersom eit kurs blir fullt, må ein melde seg på som betalande.

Nedanfor er det lenker til påmelding innan dei to bransjane samt til betalingskurset.
Undervisninga foregår online og består av webinarar og andre digitale læringselement. Kvart kurs har ei varigheit på totalt 3 veker med nettforelesningar på oppsette tider.

Dei enkeltståande kursa gir ikkje studiepoeng og det er ingen opptakskrav eller eksamen. For dei som ønskjer det er det mogleg å ta eksamen og oppnå 7,5 studiepoeng etter å ha gjennomført alle 3 kursa i serien. Ulike påmeldingsfristar gjeld på kursa – så her er det første mann og kvinne til mølla!

Gratiskursa er først og fremst for våre målbedrifter. Interessert i å bli målbedrift eller er du ei målbedrift som vil melde deg på? Kontakt [email protected] for å melde deg på dei korte kursa utan kostnad.

Meir info finn du her: