Næringshagane sine tenester i krisetid

Vi vil for tida ikkje tilby fysiske møter som følge av situasjonen heile nasjonen står i. Daglege leiarar i både Stryn og Eid er for øvrig også i karantene som følge av ei flyreise frå Gardermoen 12. mars.

Kva kan vi tilby?

Vi er til informasjon i dialog med Siva, departement, fylkeskommune og kommunane saman med øvrig tiltaksapparat; for å sette oss i best muleg stand til å handtere situasjonen frå eit næringssperspektiv og vil formidle så snart det er avklart. Generelt kjenner vi at det er viktig at vi også er til stades i krise og ikkje berre når ein snakkar om etablering og vekst.

Vi er operative på telefon, e-post, video og sosiale medier. Og vi vil tilby vårt verktøy for forretningsplaner og utviklingsprosjekt; gratis (growthwheel.net). Ta kontakt om det er interessant å nytte inne-/karantenetid til å arbeide med dette, så vil vi ordne tilgong og vidare oppfølging.

Vil til slutt minne om at vi er operatørar av det nasjonale næringshageprogrammet og har no søkt Siva og departementet om omdisponering slik at det kan nyttast til å hjelpe i krisesituasjonen utan eigenandel for bedriftene. Programmet er opprinneleg retta mot bedrifter som har potensial/ønsker å utvikle seg, men kanskje meir aktuelt no; korleis overleve.

I Stryn har næringshagen den såkalla fyrstelinjetenesta i kommune og vil kunne fortsette å bistå nyetablerarane gjennom den. Vidare arbeider vi med å koordinere innsatsen og iverksette tiltak frå heile næringsapparatet. I Stad kommune yter Stad Vekst denne tenesta. Ta kontakt med Måløy Vekst om du tilhøyrer nordre del av Kinn kommune og næringssjef Knut Roger Nesdal i Gloppen kommune om du høyrer til der.

Sjå elles kva vi har samla saman av tips og råd her.