Kva moglegheiter og støtteordningar finst for di bedrift?

Siva-partnarane Inviro, Stryn Næringshage, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken Vestland har gått saman for å gjere det enklare for deg å finne fram til lokale, regionale og nasjonale verkemiddel.

Saman med Vestland fylkeskommune og SIVA tilbyr vi eit hjelpeapparat som skal finne løysingar og støtteordningar tilpassa dine behov under den pågåande covid19-krisa.

Ta kontakt!

Alle selskap, uavhengig av bransje og problemstilling, er velkomne til å ta kontakt. Difor håper vi at du tek kontakt dersom du har spørsmål eller utfordringar. Vi er her for å hjelpe.