Inviro AS – Det offisielle nye namnet på Nordfjordeid Næringshage AS.

Etter ei vel gjennomført generalforsamling og emisjon i Nordfjordeid Næringshage AS på Nordfjord Hotell torsdag 25.06.20 vart det vedtatt at det nye namnet på Nordfjordeid Næringshage AS er Inviro AS (Nordfjord Virtuelle Campus).

Med emisjonen som no er gjennomført av Inviro AS, blir det etablert eit svært sterkt innovasjonsselskap for Nordfjord, Sunnfjord og Søre Sunnmøre.

Det nye selskapet vil representere eit bredt tilbod til regionens bedrifter og grundera. Sentralt i det nye selskapet er målbedriftene knytt til Sivas næringshageprogram og samarbeidspartnerar knytt til Inviro AS.

  • På denne måten styrkast innovasjonsstrukturen og det samla «økosystemet» for næringslivet i regionen. Inviro AS er ein tilretteleggjar for bedrifter innan elektro, automasjon, IT, enøk, bygg og andre naturleg tilhøyrande teknologiske område til å sikre kompetanse og utviklingskapasitet, medan målbedriftene i næringshagen får tilført nødvendig og relevant kompetanse, finansiert gjennom Siva sitt næringshageprogrammet, seier dagleg leiar Øystein Nes.

I samanheng med generalforsamlinga gjennomførte også selskapet ein retta emisjon med nye eigarar frå heile regionen, og ser no fram mot eit tett og godt samarbeid i framtida.

  • Det var svært viktig for oss i denne prosessen å vise at Inviro AS er eit selskap for heile regionen, og vi er stolte og audmjuke i forhold til emisjonen og dei nye eigarane i selskapet som no representerer alle kommunane i Nordfjord. Bedriftene har mange av det same utfordringane knytt til rekruttering, kompetanseutvikling og utdanning, og vi må samarbeide på tvers av kommunegrenser for at vi skal få utnytta synergiane best mogleg, seier Øystein Nes.

Både dagleg leiar i Inviro AS, samt ansvarleg av næringshageprogrammet, NyKunnskap AS, via Arild Hjelmeland, vil ha kontorstad på «Skreddarhuset» på Nordfjordeid.