Gratis kurs for reiseliv, frisørar, fag-/detaljhandel !

Vår gode samarbeidspartnar Folkeuniversitetet tilbyr no i samarbeid med Kompetanse Norge – reiselivsnæringa, frisørar og detaljhandelen tilpassa bransjeprogram.  

Sidan 12.mars då Norge blei stengt ned, har Folkeuniversitetet jobba med å få på plass kortare kurs/kompetansetiltak og utdanningar for bransjar som opplever permittering og oppseiingar på grunn av Koronakrisa. Målet vårt har heile tida vore å få til ei ordning som gjer det mogleg for folk å delta på kurs og kompetanseheving, utan at permitterte og arbeidsledige skal miste den økonomisk støtta frå Nav.

I april kom dette på plass og vi er glad for å kunne tilby våre nye bransjemessige opplæringsprogram. Folkeuniversitetet sitt bransjeprogram er nasjonale, åpne og fritt tilgjengeleg for personar med tilknyting til bransjen som det finnast eit kompetanseprogram til.

Du finn meir informasjon og link til påmelding om du går til www.folkeuniversitetet.no. Der skriv du «bransjeprogram» inn i søkefeltet. Ta berre kontakt om noko er uklart.