Etterutdanning for permiterte og arbeidsledige

Vår samarbeidspartnar Folkeuniversitet har no eit omfattande tilbod med vidaregåande, yrkesteoretiske kurs som vil bli gjennomført intensivt i perioden 22.6.-30.8.2020.
Dette er særleg aktuelt for verksemder som har permitterte tilsette eller tilsette som har blitt arbeidsledig på grunn av Corona-krisa.

Gjennom dette opplegget kan ein få høve til å ta yrkesfagleg utdanning, som fører dei tilsette gjennom teoriutdanninga til fagbrev.
«Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning», www.diku.no,  har delt ut tilskot til nettbaserte utdanningstilbod. Desse tilskota er retta mot arbeidsledige og permitterte. Utdanninga kan kombinerast med at ein mottek dagpengar. Alle kursa vil gå virtuelt, via videokonferanse. Det er viktig å presisere at det er intensiv undervisning og at ein treng norsk-kunnskapar på B1 nivå eller betre, for å delta.

Dette tilbodet er heilt nytt. Ein finn informasjon om alle tilboda om ein går til www.folkeuniversitetet.no og søkjer på DIKU.