Bli med på karrieremesse 2019 – den beste møteplassen for bedrifter, organisasjonar og nyutdanna!

Til næringslivet i Sogn og Fjordane

Bli med på karrieremesse 2019 – den beste møteplassen for bedrifter, organisasjonar og nyutdanna!

  • Oslo: Laurdag 26. januar, Teknisk museum -førmiddag kl 10:30 – 13:30
  • Trondheim: Torsdag 31. januar, Scandic Lerkendal – kl 17:30 – 21.00
  • Bergen: Onsdag 13. februar, Grieghallen – kl 17:30 – 21:00

Nyheit: Vi er tilbake i Oslo med nytt konsept i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane!

Kvifor skal du delta?

  • 1200 – 1500 unge jobbsøkarar besøker messene årleg. Dette er engasjerte jobbsøkarar som kan tilføre verksemda di fersk kompetanse og friske tankar.
  • 40% av årets trainear seier at messene gjorde dei merksame på jobbmoglegheiter i Sogn og Fjordane.
  • Eit felles løft for å vise fram næringsliv, mangfald og jobbmoglegheiter i Sogn og Fjordane!
  • Bygg nettverk med andre verksemder på stand.

Trykk her for å melde bedrifta di på årets messer.

Tidleg påmelding – betre marknadsføring

Desto tidlegare du melder på verksemda di, desto betre kan vi marknadsføre bransje og fagfelt mot kandidatane DU er på jakt etter. Siste frist for påmelding er 15. desember.

Knallsterkt messeprogram

I år som i fjor skal vi ha med oss nokre suverene foredragshaldarar frå ulike bransjar i Sogn og Fjordane. Personlege historier, gründererfaringar, røynde leiarar… Eit variert program som vil fenge salen! I tillegg har vi med oss ein lokal artist med over 100 millionar strøymingar på Spotify – stikkordet er Nordfjord! Dei er klare for å ta messebyane med storm, og programmet blir snart lansert. Følg med!

På scena:

  • Pål Anders Kårstad, gründer i Webmegling
  • Sindre Kvalheim,  Local Host/Lefdal Mine – teknologisatsing
  • Trine Lerum Hjellhaug, Lerum – om lagbygging
  • Marthe Holien Bø – bloggar, forfattar -Frå skeptisk tilflyttar til patriot.
  • Lise Solheim –  Trainee

 

Nyheit i Oslo!

Messa i Oslo skil seg litt frå dei andre. Evaluering og erfaring frå tidlegare messer syner at her når vi ei anna målgruppe enn i Trondheim og Bergen. Deltakarane har arbeidd nokre år, er i etableringsfasen og vurderer å flytte ut av storbyen. I lag med Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer vi i år til eit føremiddagsarrangement på Teknisk Museum med seminar for vaksne, mingling på stands og aktivitetar for born. Teknisk museum har i snitt eit besøkstal på 1200 personar ein laurdag i januar, og Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere eit viktig trekkplaster.

Bli med!
Vi vil svært gjerne ha deg med på messene i 2019. Saman skal vi syne fram det enorme mangfaldet av jobbmoglegheiter og næringsliv som Sogn og Fjordane kan skilte med!

Ring meg gjerne om du har spørsmål! 

Med venleg helsing

Framtidsfylket AS

 Linda Hovland
Dagleg leiar

Mob 99 01 78 52

 Følg oss på www.framtidsfylket.no eller på https://www.facebook.com/framtidsfylket/