Bedriftsnettverk – hovudprosjekt i Nordfjord

BEDRIFTSNETTVERK MED GRØNT INTERNASJONALT FOKUS

Innovasjon Norge har nettopp avgjort kva kandidatar som får støtte til hovudprosjekt til den nasjonale «Bedriftsnettverksordninga». Green Innovation Network (GIN) er eit av dei 10 nettverka som blei vald ut i den andre utlysinga i år. Nordplan AS med hovudsete på Nordfjordeid som er det største arkitekt og ingeniørselskapet mellom Bergen og Trondheim leiar dette nettverket. På laget har dei med følgjande bedrifter som også alle er ein del av Siva sitt Næringshageprogram:

  • Ny Kunnskap som spesialiserer seg på kompetanseutvikling i bedrifter
  • Segel som yter rådgjeving og prosjektleiing innan forretningsutvikling/ FoU og marknadsutvikling internasjonalt
  • Fjordvarme som er spesialisert på rådgjeving om fornybare energiløysingar
  • Enøk-senteret som er spesialist på energieffektivisering av bygg, produksjonsanlegg og transport.

Green Innovation Network (GIN) er eit nettverk av bedrifter som i felleskap skal tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar nasjonalt og internasjonalt. Allereie i forprosjektet har grupperinga knytt til seg utanlandske samarbeidspartar. Dette har ført til at dei er involverte i to konkrete større EU-søknadar.

Foto: Arild Hjelmeland 

Sjå også under prosjekt: http://nhin.no/prosjekt/green-innovation-network